{"id":1459,"date":"2024-11-29T18:12:38","date_gmt":"2024-11-29T17:12:38","guid":{"rendered":"https:\/\/nettsteder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/?p=1459"},"modified":"2024-12-10T23:13:49","modified_gmt":"2024-12-10T22:13:49","slug":"jo-asgeir-lie-mottatt-25-11-24","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/2024\/11\/29\/jo-asgeir-lie-mottatt-25-11-24\/","title":{"rendered":"Jo Asgeir Lie (mottatt 25.11.24)"},"content":{"rendered":"<p>Ole Bull Akademiet har f\u00f8lgjande innspel:<\/p>\n<p>1.\tDet b\u00f8r satsast ytterlegare p\u00e5 folkemusikk og folkedans. Folkemusikken og folkedansen gjev innblikk i svunnen tid, den er kontempor\u00e6r, og den har styrke i seg til \u00e5 gje innhald og meining til unge, vaksne og eldre ogs\u00e5 i \u00e5ra som kjem<\/p>\n<p>2.\tDet m\u00e5 bli meir song i skulen. Vi er inne i ei f\u00e5rleg utvikling, der born ikkje l\u00e6rer \u00e5 synge i norsk skule. Resultatet er at vi i dag har eit samfunn som no st\u00e5r i f\u00e5re for \u00e5 ikkje ha eit felles songrepertoar. I ei tid med satsing p\u00e5 demenskor, er den felles songen noko som er heilt essenseiell.<\/p>\n<p>3.\tL\u00e6rarutdanningane b\u00f8r etter v\u00e5rt syn ha obligatorisk musikk- og kunst og handverksundervisning. Det er desse faga mange l\u00e6rarar m\u00f8ter, og ikkje minst m\u00e5 undervise i, i f\u00e5-delte skular rundt om i landet. Dette er ogs\u00e5 heilt grunnleggande for punkt 2, og for \u00e5 skape \u00abgangs mennseke\u00bb av nye generasjonar.<\/p>\n<p>4.\tOle Bull Akademiet ser med bekymring p\u00e5 at det blir stadig f\u00e6rre studentar som tek musikk ved l\u00e6rarh\u00f8gskulane. Talet p\u00e5 studentar har g\u00e5tt ned, og niv\u00e5et p\u00e5 studentane er ofte sv\u00e6rt varierande.<\/p>\n<p>5.\tTrongare \u00f8konomi ved universiteta og h\u00f8gskulane gjev ogs\u00e5 d\u00e5rlege vilk\u00e5r for musikkfeltet, og ein ser no reduksjonar i heile sektoren. Samstundes er det viktig at musikksektoren i akademia ogs\u00e5 leverer eit tilbod som er relevant for musikklivet. Folkemusikken har f\u00e5tt ein naturleg innpass i akademia, og er vel ogs\u00e5 leiande p\u00e5 \u00e5 vere relevant for jobbmoglegheitene studentane kan forvente n\u00e5r dei er ferdige med studie\u00e5ra. Det er s\u00e6rleg viktig \u00e5 satse p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 utdanna gode pedagogar innan folkemusikk og folkedans.<\/p>\n<p>6.\tDet b\u00f8r bli fleire ph.d. studentar innan folkemusikk, og forskninga p\u00e5 tradisjonsmusikk- og dans b\u00f8r vere ei prioritert oppg\u00e5ve. Vi n\u00e6rmar oss eit generasjonsskifte i akademia, og det er stort behov for nye l\u00e6rekrefter p\u00e5 studiestadane som har doktorgradskompetanse.<\/p>\n<p>7.\tKulturskulane b\u00f8r ha ein s\u00e6rskild fokus p\u00e5 folkemusikk og folkedans. Gjennom undervisningsstillingar p\u00e5 folkemusikkinstrument og dans, og gjennom metodisk samarbeid med lokale spelemannslag, kan ein styrke folkemusikkoppl\u00e6ringa i kulturskulane.<\/p>\n<p>8.\tArbeidet med \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass regionale senter som kan sende folkemusikarar ut p\u00e5 turn\u00e9 b\u00f8r satsast p\u00e5. I bortfallet av Rikskonsertene, manglar vi turn\u00e9organisasjonar, og dette har resultert i f\u00e6rre konsertstader dei seinare \u00e5ra.<\/p>\n<p>9.\tDet b\u00f8r satsast p\u00e5 lokalt arrang\u00f8rledd, slik at det blir fleire konsertarrang\u00f8rar rundt i distrikta.<\/p>\n<p>10.\tMusikk er viktig for menneska, og i ei verd der den frie kunsten og kulturen stadig blir utfordra, er det desto viktigare \u00e5 satse p\u00e5 musikken. Alle sjangrar er like viktige, men i god Orwelsk tradisjon: nokon er viktigare enn andre. Det er berre Norge som kan ta vare p\u00e5 den norske folkemusikk- og dansetradisjonen. Det er berre Norge som kan gje folkemusikken og folkedansen aktualitet ogs\u00e5 for komande generasjonar. Milj\u00f8et sj\u00f8lv skal klare oppg\u00e5va, men det trengs ei bevisst statleg haldning p\u00e5 at folkemusikken og folkedansen st\u00e5r i ei s\u00e6rstilling, og at det blir satsa tydeleg p\u00e5 folkemusikken som uttrykksform.<\/p>\n<p>11.\tKommunal og fylkeskommunal fattigdom i ei tid med stor statleg rikdom, trugar kulturtilboda i mange kommunar, og l\u00f8yvingar til musikk og dans blir kutta i tronge budsjett. Dette er sv\u00e6rt skummelt i ei tid der kunst og kultur er viktigare enn nokon gong. Kommune\u00f8konomi og kultur\u00f8konomi heng n\u00f8ye saman, og b\u00e5de lokale og nasjonale organisasjonar treng kommunar som b\u00e5de vil og kan satse p\u00e5 kultur.<\/p>\n<p>12.\tOle Bull Akademiet har i snart 50 \u00e5r vore med \u00e5 gje innsikt og kjennskap til norsk folkemusikk og folkedans. I l\u00f8pet av desse \u00e5ra har det vore innom over 20 000 studentar, og vi v\u00e5gar p\u00e5standen om at vi har vore med \u00e5 synleggjere tradisjonsmusikk og dans for studentar som aldri hadde kome til \u00e5 m\u00f8te dette p\u00e5 sin eigen studiestad, eller i eige musikkmilj\u00f8. Ole Bull Akademiet b\u00e5de \u00f8nskjer og h\u00e5par at kompetansen akademiet sit p\u00e5 kan brukast end\u00e5 meir aktivt i \u00e5ra som kjem.<\/p>\n<p>Med venleg helsing<\/p>\n<p>Jo Asgeir Lie<br \/>\nRektor<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/files.teststeder.regjeringen.no\/wpuploads01\/sites\/554\/ninja-forms\/2\/NOU-musikkfeltet-OBA.pdf\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">NOU-musikkfeltet-OBA.pdf<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ole Bull Akademiet har f\u00f8lgjande innspel: 1. Det b\u00f8r satsast ytterlegare p\u00e5 folkemusikk og folkedans. Folkemusikken og folkedansen gjev innblikk i svunnen tid, den er kontempor\u00e6r, og den har styrke i seg til \u00e5 gje innhald og meining til unge, vaksne og eldre ogs\u00e5 i \u00e5ra som kjem 2. Det m\u00e5 bli meir song i\u2026<\/p>\n","protected":false},"author":0,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"dss_simple_post_excerpt":"","dss_show_featured_image":true,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-1459","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-innspill"],"language":"nb-NO","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1459","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1459"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1459\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1509,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1459\/revisions\/1509"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1459"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1459"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1459"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}