{"id":1653,"date":"2024-12-22T09:27:42","date_gmt":"2024-12-22T08:27:42","guid":{"rendered":"https:\/\/nettsteder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/?p=1653"},"modified":"2024-12-22T09:27:42","modified_gmt":"2024-12-22T08:27:42","slug":"fordefestivalen-torill-gundersen-20-12-24","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/2024\/12\/22\/fordefestivalen-torill-gundersen-20-12-24\/","title":{"rendered":"F\u00f8rdefestivalen, Torill Gundersen (20.12.24)"},"content":{"rendered":"<p>Innspel til utgreiing om musikkfeltet i Noreg<br \/>\n(innspelet ligg ogs\u00e5 ved som pdf)<\/p>\n<p>F\u00f8rdefestivalen er den st\u00f8rste festivalen i Skandinavia for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og vart f\u00f8rste gong arrangert i 1990. Festivalen var knutepunktfestival fr\u00e5 2005-2015 og har sidan det vore p\u00e5 ordninga for musikkfestivalar hj\u00e5 Norsk Kulturr\u00e5d.<br \/>\nVi har gjort oss nokre refleksjonar dei seinaste \u00e5ra i lys av \u00e5 vere ein stor s\u00f8kar i Musikkfestivalordninga, og ein stor festival i distrikts-Noreg, i ein ikkje-kommersiell sjanger.  Dette er v\u00e5re innspel til Musikkutvalet.<\/p>\n<p>Betre dialog og openheit i tildelingsprosessane<br \/>\nEi sentral utfordring for festivalar i dag er mangel p\u00e5 dialog med tilskotsordningane. Ordningane m\u00e5 vere meir opne rundt korleis kunstnarleg kvalitet vert vurdert, og kva kriterium som ligg til grunn for tildelingar. Etter v\u00e5rt syn hadde det vore naturleg med ei differensiering der dei st\u00f8rste festivalane i ordninga til kulturfondet s\u00f8ker p\u00e5 andre vilk\u00e5r enn heilt ferske festivalar. Ei tilskotsordning som ogs\u00e5 har rom for dialog og tillit, og der ein til d\u00f8mes kunne ha dialogm\u00f8te med dei som skal tildele midlar. Ei slik ordning vert praktisert til d\u00f8mes  i Vestland fylkeskommune. Det styrkar forst\u00e5inga og betrar prosessane og er ogs\u00e5 med \u00e5 skape tillit.<\/p>\n<p>Vi st\u00f8ttar det Magne Ler\u00f8 skriv i Samtiden:<br \/>\nDet gis ingen begrunnelser for hvem som f\u00e5r st\u00f8tte og hvem som f\u00e5r avslag fra Kulturfondet. Kvalitet skal v\u00e6re det avgj\u00f8rende kriteriet. Men at alt skal skje i hemmelighet og at det er representanter fra st\u00f8ttemottakerne som avgj\u00f8r hvem som f\u00e5r st\u00f8tte, svekker ordningens legitimitet.<\/p>\n<p>Tilpassing av s\u00f8knadsfristar og saksbehandling<br \/>\nDagens s\u00f8knadsfristar og lange saksbehandlingstid er utfordrande for festivalar, som ofte m\u00e5 starte planlegging og programmering f\u00f8r tilskot er avklara. Dette gjer det vanskeleg \u00e5 drive f\u00f8reseieleg. Ei strammare saksbehandlingstid og betre tilpassa fristar vil gi festivalar betre tid til \u00e5 planlegge og sikre kvalitet og ressursbruk.<\/p>\n<p>Styrking av musikkfestivalar med langsiktig kompetanse<br \/>\nDet er avgjerande \u00e5 sikre gode rammevilk\u00e5r for musikkfestivalar som har bygd opp kompetanse over tid og har ein fast stab. Desse festivalane er viktige b\u00e5de som kulturinstitusjonar og som akt\u00f8rar i utviklinga av lokale og regionale musikalske \u00f8kosystem. Det b\u00f8r s\u00e6rleg leggjast til rette for sjangerfestivalar innan jazz, folkemusikk, samtidsmusikk og andre ikkje-kommersielle sjangrar, som er med \u00e5 skape mangfald og rikdom i musikklivet. Det m\u00e5 til d\u00f8mes vere av stor verdi for norsk folkemusikk og norske folkemusikarar at Noreg har ein internasjonal folkemusikk-festival p\u00e5 F\u00f8rdefestivalen sitt niv\u00e5.<\/p>\n<p>Etablering av regionale kompetansesenter<br \/>\nRegionale kompetansesenter har vist seg som effektive strukturar for \u00e5 rekruttere og utvikle b\u00e5de publikum og milj\u00f8 innan ulike sjangrar. Dette er godt utvikla p\u00e5 jazzfeltet, og det er behov for tilsvarande innan folkemusikk og folkedans. Dette ville utvikle feltet og styrke samarbeidet mellom akt\u00f8rar lokalt, regionalt og nasjonalt. F\u00f8rdefestivalen \u00f8nskjer \u00e5 ta ei slik rolle p\u00e5 Vestlandet, noko som vil styrkje folkemusikken si stilling og rekrutteringa til milj\u00f8et.<\/p>\n<p>Ref innspelet fr\u00e5 FolkOrg, NU, Riksscenen, NSFF: Myndigheitene m\u00e5 legge til rette for ein sterk og stabil regional struktur med gode tilh\u00f8ve for nettverk og regionale folkemusikksenter.<\/p>\n<p>Synleggjering og rekruttering<br \/>\nFestivalar som F\u00f8rdefestivalen spelar ei viktig rolle som utstillingsvindauge for norske folkemusikarar og tradisjonar. Gjennom subsidierte konsertturnear, som VestaFolk-prosjektet, kan festivalar bidra til \u00e5 auke talet p\u00e5 konsertar, styrkje arrang\u00f8rkompetansen og gi fleire oppdrag til profesjonelle ut\u00f8varar. Samstundes vil st\u00f8rre aktivitet og synleggjering kunne inspirere nye generasjonar til \u00e5 bli ein del av folkemusikk- og folkedansmilj\u00f8et.<\/p>\n<p>Behov for betre samordning og turn\u00e9legging<br \/>\nDet er eit tydeleg behov for \u00e5 styrke samordninga av konsertverksemd innan folkemusikk og verdsmusikk i regionane. Mange sm\u00e5 arrang\u00f8rar har avgrensa ressursar, noko som gjer det utfordrande \u00e5 gjennomf\u00f8re konsertar. Eit regionalt kompetansesenter for folkemusikk og folkedans kan fylle dette tomrommet ved \u00e5 st\u00f8tte arrang\u00f8rar og leggje til rette for meir aktivitet.<\/p>\n<p>Arrang\u00f8rleddet er s\u00e5rbart og m\u00e5 styrkast<br \/>\nDet er viktig \u00e5 sikre gode og enkle, ubyr\u00e5kratiske ordningar for sm\u00e5 og mellomstore arrang\u00f8rar over heile landet. Vi treng eit turn\u00e9nettverk av heil\u00e5rsarrang\u00f8rar med regional\/nasjonal koordinering, subsidiering og tilrettelegging. Det er ogs\u00e5 viktig at ein ikkje ytterlegare svekkar eit allereie s\u00e5rbart ledd, arrang\u00f8rane, ved \u00e5 p\u00e5legge Tono-avgift ogs\u00e5 av tilskota arrang\u00f8rane f\u00e5r til konsertverksemda si.<\/p>\n<p>Styrking av lokale og regionale strukturar<br \/>\nFor \u00e5 sikre at den immaterielle kulturarven blir teken vare p\u00e5 og vidareutvikla, m\u00e5 det satsast p\u00e5 sterke nettverk mellom folkemusikksenter, arkiv, festivalar og distriktsmusikarar. Barne- og ungdomskurs i folkemusikk og folkedans b\u00f8r prioriterast for \u00e5 sikre rekruttering og framtidig berekraft.<\/p>\n<p>Mangfald og lokal identitet<br \/>\nSjangerfestivalar, som F\u00f8rdefestivalen, har ei unik rolle som nisjefestivalar og motstemmer i ei tid der mange festivalar blir meir og meir like. Desse festivalane bidreg til \u00e5 fremje lokal identitet og set mindre stader p\u00e5 det internasjonale musikk-kartet. Det er viktig \u00e5 st\u00f8tte festivalar utanfor dei store byane for \u00e5 bevare det kulturelle mangfaldet og sikre likeverdig tilgang til kultur over heile landet.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/files.teststeder.regjeringen.no\/wpuploads01\/sites\/554\/ninja-forms\/2\/2024-Innspel-Fordefestivalen-til-Musikkutvalet.pdf\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">2024-Innspel-Fordefestivalen-til-Musikkutvalet.pdf<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Innspel til utgreiing om musikkfeltet i Noreg (innspelet ligg ogs\u00e5 ved som pdf) F\u00f8rdefestivalen er den st\u00f8rste festivalen i Skandinavia for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og vart f\u00f8rste gong arrangert i 1990. Festivalen var knutepunktfestival fr\u00e5 2005-2015 og har sidan det vore p\u00e5 ordninga for musikkfestivalar hj\u00e5 Norsk Kulturr\u00e5d. Vi har gjort oss nokre refleksjonar\u2026<\/p>\n","protected":false},"author":0,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"dss_simple_post_excerpt":"","dss_show_featured_image":true,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-1653","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-innspill"],"language":"nb-NO","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1653","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1653"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1653\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1668,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1653\/revisions\/1668"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1653"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1653"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/teststeder.regjeringen.no\/musikkutvalget\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1653"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}